Bypakke Ålesund blir finansiert gjennom bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Innkreving av bompengar i Ålesund startar 22. august 2022.
Generell informasjon
- Bypakke Ålesund kan krevje bompengar i inntil 15 år, men foreløpige utrekningar tyder på at det blir om lag 12 år.
- Tovegsinnkrevjing: Alle bomstasjonane har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar.
- AutoPASS-avtale: Dei som har AutoPASS-avtale og brikke i bilen får rabattar. Du får lik rabatt uavhengig av kva selskap du har avtale med. Les meir om AutoPASS-avtale her.
- Timesregel: Du betalar berre for ei passering i timen sjølv om du køyrer gjennom fleire bomstasjonar. Timesregelen gjeld i alle bomstasjonar og i begge retningar, og berre for dei med AutoPASS-avtale.
- Månadstak: Med gyldig AutoPASS-avtale og brikke betaler du berre for maks 60 passeringar i månaden. Dette gjeld per kalendermånad. Merk at fakturaen du får kan ha eit anna beløp, det heng mellom anna saman med fakturaperiode, men brikke-selskapet har kontroll på kalendertaket og passar på. Les meir om månadstak her.
- Utan AutoPASS-avtale: Dei som manglar AutoPASS-avtale får faktura for alle bompasseringar utan rabatt. Fakturaen kjem då frå Vegamot.
- Bomfri gjennomkøyring: Plasseringa av bomstasjonane sikrar at bilar som skal køyre gjennom området på E39 frå Blindheimsbreivika/Vegsund til Brusdalen slepp å betale bompengar. Du må komme inn på E39 før Blindheimstunnelen og følge E39 til etter Brusdalen for å få gratis gjennomkøyring. I dette området er bomstasjonane plassert ved av- og påkøyringsrampene. OBS: Ved stengt tunnel vil omkøyringsvegen vere på veg med bomstasjon. Dei som vel omkøyringsvegen vil då måtte betale bompengar.
Ansvar for innkreving
Vegamot er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar i Bypakke Ålesund, inkludert finansiering, teknisk innkrevingsutstyr, takstar og innkreving frå kundar som ikkje har avtale. Det betyr at dersom du køyrer gjennom ein bomstasjon utan AutoPASS-avtale er det Vegamot som sender deg faktura. Les meir om Vegamot her.
Vil du lese meir om utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund?
Sist endra 05.06.2023 12.02