Fra 2. januar 2025 blir det trolig nye priser i bomstasjonene i Ålesund. Les mer om det her.
Tovegsinnkrevjing: Alle bomstasjonane har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar.
Rabattar med AutoPASS-avtale
Slik skaffer deg brikke og AutoPASS-avtale.
Timesregel: Du betalar berre for ei passering i timen sjølv om du køyrer gjennom fleire bomstasjonar. Timesregelen gjeld i alle bomstasjonar og i begge retningar. Timesregelen gjeld både for dei som har AutoPASS-avtale og dei som ikkje har det.
Månadstak for takstgruppe 1 og 2: Du betalar berre for 60 passeringar i månaden. Månadstak gjeld for kvar kalendermånad, og per køyretøy. Månadstak gjeld berre for dei med AutoPASS-avtale.
Prisar
Takstgruppe 1
Personbil (bensin-, diesel- og hybridkøyretøy), inkl. varebilar under 3500 kg, hybridbilar og køyretøy registrert som M1
- Pris med avtale: 20,80 kroner
- Pris utan avtale: 26 kroner
- Månadstak for ein personbil med AutoPASS-avtale blir 1248 kroner (60 passeringar per kalendermåned).
Elbil og hydrogenbil (nullutsleppsbilar)
- Pris med avtale: 10,40 kroner
- Pris utan avtale: 26 kroner
- Elbilar med AutoPASS-avtale får 50 prosent rabatt, i tillegg til 20 prosent rabatt fordi dei har AutoPASS-avtale.
- Månadstak for ein elbil med AutoPASS-avtale blir 624 kroner (60 passeringar per kalendermåned).
Takstgruppe 2 (over 3500 kg)
- 52 kroner
- Månadstak for takstgruppe 2 med AutoPASS-avtale er 3120 kroner (60 passeringar per kalendermåned).
- Nullutsleppskøyretøy over 3500 kilo er fritatt bompengar når dei har AutoPASS-avtale.
- Personbilar med tillaten totalvekt over 3 500 kg registrert i køyretøykategori M1 i Autosys med gyldig AutoPASS-avtale og brikke, får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.
- Køyretøy i takstgruppe 2 som er registrert på føretak eller brukast i næringsverksemd må ha gyldig AutoPASS-avtale. Les meir om obligatorisk AutoPASS-avtale for takstgruppe 2 her.
Fritak og unntak for betaling
Forflyttingshemma med HC-kort kan søke om fritak. Motorsyklar, mopedar, mopedbilar har fritak utan brikke. Kollektivtransport i rute må søke bompengeselskapet om fritak. Utrykkingskøyretøy har fritak og registreres automatisk i køyretøyregisteret. Alle spørsmål om fritak må rettes til Vegamot.