Om Bypakke Ålesund

Ålesund skal no ruste seg for framtida. Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong. Fire milliardar kroner skal brukast på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.

Om Bypakken

Ålesund er ein by i vekst. Både talet på innbyggarar og næringslivsetableringar aukar. Dei siste åra har innbyggartalet i Ålesund auka med 350–500 innbyggarar i året.

Om 20 år vil innbyggartalet ha auka med fleire tusen i forhold til i dag. I delar av Ålesund er grensa for kva vegnettet toler allereie i ferd med å bli nådd. Saman med vegutbygging, skal gang- og sykkeltiltak samt kollektivtilbodet prioriterast og styrkast i Bypakke Ålesund. 

Bypakke Ålesund skal sikre at kommunen fortsatt kan vere ein god by for alle, også i framtida. 

Finansiering av Bypakke Ålesund

Finansieringa av Bypakke Ålesund er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka skal førast tilbake til Bypakke Ålesund. 

  •     Statlege midlar: 620 millionar kroner
  •     Fylkeskommunale og kommunale tilskot: 135 millionar kroner
  •     Refusjon av meirverdiavgift: 140 millionar kroner
  •     Bompengar: 3 128 millionar kroner

 

Bypakken har ei kostadsramme på om lag fire milliardar 2021-kroner. Denne ramma blir justert opp årleg i tråd med SSBs byggekostnadsindeks for veganlegg.

E136 Breivika-Lerstad er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. Prosjektet er kostnadsrekna til 2 milliardar kroner. To milliardar skal brukast på trafikksikring, kollektivtiltak og sykkelvegar. Blant dei store prosjekta er nytt kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus, ny bru over Brosundet, og miljøgate og tiltak rundt Campus.

Innkrevinga av bompengar starta 22. august 2022, og Bypakke Ålesund kan ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år. 

Mål å redusere biltrafikken

Føremålet med bypakka i Ålesund er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil skal reduserast. Bypakke Ålesund skal gi eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer, og bidra til ei attraktiv og berekraftig byutvikling.

Organisering

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Eit sekretariat med tilsette frå dei tre samarbeidspartane førebur saker til den politisk utnemnde Styringsgruppa for Bypakke Ålesund. 

Sentrale dokument

Her finn du sentrale dokument for Bypakke Ålesund, samt møteinnkallingar og referat frå styringsgruppa.