Ny busshaldeplass i Borgundvegen på Moa

For å effektivisere kollektivknutepunktet på Moa har det blitt etablert nye haldeplassar i Borgundvegen mellom Moa sør og nord.

Ektepar venter på bussen på dei nye gatestoppa ved Moa kjøpesenter - Klikk for stort bileteProsjektet står no ferdig og hadde offisiell opning den 27. april 2023 Kristin Støylen

Dette gjer at dei fleste bybussane kan køyre meir direkte gjennom Moa og sparer frå 2,5 til 7 minutt i forhold til dagens ruter som køyrer inn til busstasjonen. 

Haldeplassane er sentralt plasserte på Moa og er første steg i utviklinga av ein meir framtidsretta kollektivterminal.

Den nye gateterminalen på Moa er no teken i bruk. Namna på haldeplassane er Gatestopp Moa syd og Gatestopp Moa nord.

Måndag 27. april var det opning av dei nye gatestoppa. 

Byggherre: Statens vegvesen

Status: Ferdig