Hessafjordvegen - SlinningenHessafjordvegen skal forlengast heilt fram til Slinningen. Hessavegen der bussen køyrer i dag er smal og gåande må gå ut i grøfta når det kjem bilar og bussar. Bypakke Ålesund skal forlenge Hessafjordvegen heilt fram til snuplassen på Slinningen. Med fortau og nye busshaldeplassar vert det tryggare for dei gåande og enklare å kome seg fram for bussen. Status: Under planlegging Byggestart: Etter 2025 Byggherre: Ålesund kommune Sist endra 28.06.2024 14.25