Kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum

Ålesund sentrum får eit effektivt kollektivknutepunkt i gatene i staden for dagens plasskrevjande bussterminal. Her blir det av- og påstiging istadenfor at bussane står og ventar lenge og tek opp plass. 

Illustrasjon som viser det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteIllustrasjon som viser det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum

Kollektivknutepunktet blir i Korsegata og delar av Keiser Wilhelmsgate, og erstattar dagens bussterminal. Omgjevnadane skal få ei kraftig opprusting, med gode fortau og fine område for folk og opphalde seg på. 

Arbeidet er venta å starte i juni 2023 og vere ferdig hausten 2024.

Når arbeidet er ferdig, er planen at

  • bybussane skal gå frå Keiser Wilhelms gate
  • langdistansebussane og flybussane går frå Korsegata
  • området blir lagt til rette for folk og folkeliv med breie, støypte fortau som er oppvarma på vinteren, tre i plantekasser og romslege venteskur.
  • delen av knutepunktet som ligg i Keiser Wilhelms gate blir stengd for gjennomgangstrafikk. Enkelte, som for eksempel dei som skal inn i parkeringshuset, får fortsatt køyre i gata. 
  • Korsegata får tovegstrafikk i tillegg til av- og påstigning for buss.
  • Posthuskrysset blir tilpassa slik at Keiser Wilhelms gate kan fortsette via Sørsida og over ny Brosundbro. Dette kjem i eit seinare prosjekt med Statens vegvesen. 
Forslag til korleis busslinjene kan bli med nytt kollektivknutepunkt i sentrum. Per medio november 2022 er busslinjene ikkje endeleg fastsette, så det kan bli endringar. I sjølve byggeperioden vert det også ulike variantar i sentrum.

Det nye kollektivknutepunktet i sentrum er ein føresetnad for realisering av Sørsideplanen, og for området som ligg på austsida av Kulturhavna. 

Les nyheitssaker om kollektivknutepunktet:

Bussen flyttar - Korsatunnelen utvidar opningstidene

Bussane tek i bruk kollektivknutepunktet frå 23. desember

Byggearbeid i posthuskrysset

Slik blir byggeperioden i Ålesund sentrum

Nytt kollektivknutepunkt i sentrum

 

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Planlagd ferdigstilling 2024

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete