Kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus

Det skal etablerast eit nytt kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus, samt nye sykkelfelt på ei lengre strekning. 

Dronebilde over området - Klikk for stort bilete Fotograf: Christian Ibsen

Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset. 

Det blir heis og nye gangvegar som vil sikre rask, trygg og brukarvennleg tilkomst direkte ned til Ålesund sjukehus.

Når prosjektet er ferdig blir det samanhengande sykkelfelt i begge køyreretningar frå Moa (ved Vindgårdsskiftet) til like før Hatlaåstunnelen (krysset ved Østre Hatlaåsvegen). Sykkelfelta skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein del av hovudsykkelvegnettet i Ålesund. 

Lyskrysset har blitt bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida har blitt flytta. 

Planlegginga har blitt gjort i tett dialog med Helse Møre og Romsdal, som er i gong med å bygge parkeringshus mellom sjukehuset og kollektivknutepunktet. Heis og trapp frå busstoppet og ned til sjukehuset vil bli inne i det nye parkeringshuset. 

Byggherre: Statens Vegvesen

Status: Bygging pågår.  Planlagt ferdigstilt vinteren 2024.