Kollektivknutepunkt ved Campus ÅlesundHeile gata blir oppdatert for å legge betre til rette for mjuke trafikantar og etablere eit attraktivt kollektivknutepunkt på Campus Ålesund.Kollektivknutepunkt Campus Hastigheta i Borgundvegen forbi campus blir redusert og det blir etablert et nytt framtidsretta torg som bl.a. knyter NTNU og NMK nærare saman.Sykkelveg med fortau blir planlagt på heile strekninga, og dessutan kjem det ei ny gang- og sykkelbru over Borgundvegen som skal gi eit meir direkte og trafikksikkert samband for syklande mellom Moa og sentrum. På sikt vil ein kunne vidareføre sykkelvegen via Sørneset og Nørvevika til planlagd sykkelveg frå Volsdalsneset til Meierikaia og sentrum. Hovedsykkelvegen skal etablerast gjennom Campus-området langs Borgundvegen som tovegs sykkelveg med fortau som er skilde frå kvarandre. Breidda blir omlag fem meter. Ein rabatt skil og sikrar sykkelvegen mot køyrefelta.Vegen følger nordsida av Borgundvegen ned til det nye torget framfor NTNU. Frå torget blir det bygd ei gang- og sykkelbru over ny rundkøyring fram til dagens sykkelveg på sørsida av Nørvasundbrua.Tre av dagens uoversiktlege T-kryss blir erstatta av ei rundkjøring for å auke trafikksikkerheita.Nye busshaldeplassar på rampene til E136 er ein del av kollektivknutepunktet og skal gi større fleksibilitet og eit meir direkte samband til Moa og sentrum frå Campus.Byggherre: Statens vegvesenStatus: Under planlegging. Sist endra 05.12.2023 13.32