Det skal gjerast fleire utbetringar på eksisterande sykkelvegnett i Ålesund
Øyvind Heggstad
Midlane skal brukast på små tiltak på ulike delar av hovudnett for sykkel. Dette inkluderer mellom anna å betre sikta ved å endre hagemurar, klippe tre/busker, byte delar av gjerde med gjerde i glas, senke kantsteinar ved overgangar, plassere manglande sykkelskilt, erstatte saksebommar med sykkelvennlege pullertar og skilte om blindveg til blindveg med unntak for sykkel.
Byggherre: Ålesund kommune/Statens vegvesen/ Møre og Romsdal fylke
Status: Fleire prosjekt ferdig utbygd, men noko er til planlegging.