Moa - Østre Hatlaåsen

Vi bygger 1,8 km med sykkelfelt på begge sider av E136 Borgundvegen, frå Moa (ved vindgårdsskiftet) til krysset ved Østre Hatlaåsen. Målet er å legge til rette for fleire syklande mellom Moa og Ålesund sentrum, og strekninga blir ein viktig del av sykkelvegnettet i byen. 

Dronebilde som viser sykkelfeltet fra luften.  - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

Prosjektet er ei utviding av det nye kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus (busstoppa Sjukehuslomma), og er finansiert gjennom tilskotsordninga for mindre regionbyar. Bypakke Ålesund fekk 15,5 millionar frå tilskotsordninga i 2024, og 12 millionar av desse går til å bygge sykkelfelt langs strekninga. 

Ca. 180 meter ved sjukehuskrysset er ferdig. Arbeidet fortset i begge retningar framover. 

I byggeperioden vil det bli ein del omleggingar som påverkar korleis gåande og syklande kan ferdast i området. I tillegg vil det vere behov for å legge om inn- og utkøyring frå enkelte eigedommar. Dette vil bli skilta fortløpande, og naboar som er direkte påverka vil få beskjed i forkant. 

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Tafjord Kraftvarme som bytter fjernvarmerør, og Ålesund kommune som bytter gamle vassleidningar på strekninga. Arbeidet er komplisert, noko som gjer at det tek lengre tid å bli ferdig med prosjektet. 

Byggherre: Statens vegvesen

Status: Bygging pågår, forventa ferdig i 2025.
 

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 96 87 12