Sykkeltiltak, Tonningsgate - BrogataVi skal oppgradere vegbana og etablere sykkelfelt og fortau frå Steinvågbroa og fram mot Notholmen like før Kiwi. Dette skal auke tryggleiken til dei som går og syklar. Prosjektet er ein del av ein framtidig plan om samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum.Sykkelveg frå Skarbøvik til Steinvågsbrua Torgeir Emblem Strekninga med sykkelfelt og fortau startar i svingen etter Steinsvågbroa og sluttar ved Notholmen, like før Kiwi. Vegbana på strekninga blir oppgradert med litt større bredde enn i dag. På begge sidene av bilvegen kjem eitt felt til fortau, og eitt til sykkelfelt. Sykkelfeltet blir markert med raud asfalt. Dette er i tråd med områdeplan for bydelen Skarbøvik. Det blir kantstopp for buss på kvar side av Tonningsgate. Prosjektet har blitt forlenga fram til Notholmen, like før Kiwi.Det blir sykkelveg og gangveg på kvar siden av vegbana.Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommuneStatus: Planlagd ferdigstilt hausten 2024Nyheiter om prosjektet:Nærmar seg ferdigstilling i Skarbøvika (Publisert 26.09.2024)Sykkelfeltet i Skarbøvika blir forlengaStartar opp arbeid i TonningsgateSignerte kontrakt for nytt sykkelfelt og fortau i Skarbøvika Sist endra 30.09.2024 09.03