Sykkeltiltak, sentrum - Volsdalen

Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Ålesund sentrum til Volsdalen. 

Bilveg - Klikk for stort bileteBypakke Ålesund skal gi ei trygg sykkelløysing langs Borgundvegen forbi Volsdalen skule. Torgeir Emblem

I dag manglar det tilrettelegging for syklistar på denne strekninga. Endeleg val av trasè er ikkje vedtatt.

Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå planlagt sykkelløysing i Volsdalen inn til/ og i Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert.

Byggherre: Ålesund kommune
Status: Planlegginga startar i 2024

Kontakt oss

Tobias Hay Slinning
Byggeleiar, Ålesund kommune
E-post
Mobil 45 67 72 88