Trafikksikringstiltak, Lerstadbakken

Fleire tiltak langs Lerstadbakken er godt i gang, dei skal betre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar.

Det er ny fartsgrense på 40km/t, i tillegg er sidegater no skilta med vikeplikt.

Vi er godt i gang med Svalevegen og ved Uno-X, desse tiltaka skal stå ferdig våren 2025. Her kjem det mellom anna nye overgangsfelt, nytt kantstopp for buss og ny belysning.

I løpet av 2025 blir det starta opp eitt tredje prosjekt i samarbeid med vatn og avløp, det skal vere ferdig i slutten av året. Ved Ruudvegen skal det oppgraderast gangveg og overgangsfelt. Det skal også settast opp betre belysning.  

Byggherre: Ålesund kommune

Bygging: Byggefase pågår, planlagt ferdig slutten av 2025.