Trafikksikringstiltak, LerstadvegenDet er planlagt fleire tiltak langs Lerstadbakken som skal betre trafikksikkerheita for mjuke trafikantar. Blant anna skal gangfelta utbetrast med ny intensivbelysning, taktile heller og universell utforming. I tillegg vil eit av gangfelta bli opphøgd for å redusere hastigheita, og eit anna skal bli flytta for å forbetre trafikksikkerheita.Det blir også vurdert å endre på skilt-reguleringa. Fartsgrensa blir foreslått senka frå 50 km/t til 40km/t, og vi ser på moglegheita til å gjer deler av strekninga til ein forkøyrsveg. Planlagt byggestart er våren 2024, og prosjektet skal stå ferdig i løpet av 2024.Byggherre: Ålesund kommuneBygging: 2024 Sist endra 28.06.2024 14.25