Naboinformasjon Blindheim - Flisnes

På denne sida vil vi samle nyttig informasjon til naboar av prosjektet Blindheim - Flisnes.  

kart over vegstrekning - Klikk for stort bileteIllustrasjon Blindheim Flisnes

Om prosjektet

Strekninga er sterkt trafikkert, og får no ei kraftig oppgradering. Kryssa i Eikenosen, Puskhola og ved Blindheimshallen skal sanerast og erstattas av nye kommunalvegar og ei rundkøyring ved Blindheimshallen. I tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar med samanhengande gang- og sykkelveg frå Flisneset til Ospedalsbakken.  

Sprengingsarbeid og SMS-varsling

Det vil foregå noko sprengningsarbeid i området. Sprengingsarbeidet vil hovudsakelig foregå ifm. Bygging av gang- og sykkelveg mellom Puskhola og Flisnes, men det vil også være aktuelt med mindre omfattande sprengningsarbeid andre stadar innanfor anleggsområdet. Naboar til anleggsområdet vil merke dette i ulik grad alt etter kvar ein bur. Dersom du ønsker å bli varsla på SMS i forkant av kvar sprenging, kan du melde deg på SMS-varslinga.

Meld deg på sms-varsl for sprenging her

Inndeling i fasar

Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane.  

Slik blir byggeperioden inndelt

Nabomøter

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til nabomøter etter behov, for å sikre at alle har tilgang til god informasjon. Nokre av nabomøta er for alle som bur i området, medan andre gangar er møter for naboar i avgrensa området.  

Les artikkelen om nabomøtet 13. juni 2024

Les artikkelen om nabomøtet 13. mars 2024

Har du spørsmål?  

Kontakt prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune: Erlend Aune, erlend.aune@mrfylke.no / 416 61 163