Breivika - Lerstad

Statens vegvesen bygge ny firefelts innfartsveg til Ålesund på strekninga Breivika - Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i tunnel med to vegløp.

Ved rundkøyringa på Moa kjem tunellinnslaget for den nye Lerstadvegen. Statens vegvesen

Gå til prosjektet si naboside med nyttig informasjon til naboar. 

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. 

Kvart døgn køyrer nær 15 000 bilar gjennom bydelen. 

Den nye tunnelen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Lengda blir på om lag 3 km. 

På Lerstad skal det etablerast eit toplanskryss som erstattar dagens rundkøyring.

Framdriftskart, sist oppdatert 20. nov -24 - Klikk for stort bileteFramdriftskart, sist oppdatert 20. nov -24 Statens vegvesen

Sykkel og gangveg

Forholda for gåande og syklande på strekninga blir vesentleg forbetra. Frå Moa til Lerstad skal det byggast fire kilometer samanhengande sykkelveg med fortau. 

På store delar av strekninga vil gang- og sykkelveg ligge i et parkdrag i god avstand frå bilvegen. 

Sykkelvegen med fortau vil krysse under dagens E136 ved bensinstasjonen på Lerstad, og det er også planlagt tilkopling mot turvegsystemet ved Lerstadvatnet.
 

Tunellinnslag Lerstad - Klikk for stort bileteTunellinnslag Lerstad Torgeir Emblem

Kollektiv Breivika - Lerstad

Ny veg mellom Breivika og Lerstad skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.

Betre kapasitet og framkome på denne vegen vil også vere viktig for næringstransporten i Ålesund.

Sjå videoanimasjon av den nye vegen her: 

 

Byggherre: Statens vegvesen

Status: Oppstart hausten 2022. Forventa ferdig i 2027

Planar: E136 Breivika–Lerstad på vegvesen.no 

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 96 87 12