Naboinformasjon

På denne sida vil vi samle nyttig informasjon til naboar av prosjektet Breivika-Lerstad. 

 Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeidet for Lerstadtunnelen her.

Gå til meldingstenesta for E136 Breivika-Lerstad.

Arbeidet med ny innfartsveg til Ålesund, med bygging av tunnel, kryssområder og gang- sykkelveg medfører ein del utfordringar for naboane. Det kjem støy og vibrasjonar når vi sprenger tunnelen, og det er mange store maskinar i arbeid. 

Sprengingsarbeid

Sprengningsarbeidet er det som påverkar naboane mest, og det vil pågå frå mars 2024 og fram til slutten av 2025. På karta under kan du sjå kor langt sprengingsarbeidet har kome. Du kan trykke på bilda for å gjere dei større. 

Sist oppdatert 20. november 2024. Blir oppdatert regelmessig.

Framdriftskart, sist oppdatert 20. nov -24 - Klikk for stort bileteFramdriftskart, sist oppdatert 20. nov -24 Statens vegvesen
Lerstad - Klikk for stort bilete
Breivika - Klikk for stort bilete

 

Naboar til anleggsområdet vil merke dette i ulik grad alt etter kvar ein bur.

  • Dei som bur i Breivika/Moa eller på Lerstad, men ikkje over tunnelen, vil merke anleggsstøy frå utsida av tunnelen, samt høyre når det blir sprengt i tunnelen.
  • Dei som bur over eller nært tunneltraséen vil merke vibrasjonar frå tunnelarbeidet godt. Dei som bur nærmast området der ein sprenger vil merke det spesielt godt. Vibrasjonane kan vere ubehagelege for menneskje og dyr, sjølv om nivået er lavt og ufarleg. Ein vil merke sprengingane ved at ein høyrer ei «knitring» i grunnen, og at huset «ristar».

Sprengningsarbeidet vil i all hovudsak vere mellom kl. 07.00 og 20.00, men av og til heilt fram til 23.00. Dei som bur nærmast over tunnelpartia der det blir jobba, vil kunne høyre støy frå pigging og boring fram til kl. 23.00. Natta blir brukt til stille arbeid inne i tunnelløpa.

Illustrasjon boring i tunnel. - Klikk for stort bileteVed tunnelarbeid under bebyggelse vil blant anna boring av salvene, sprenging og pigging gje lyd og vibrasjonar som forplantar seg opp i husa. Arild Sølerør, illustrasjon

SMS-varsling

Dersom du ønsker å bli varsla på SMS i forkant av kvar sprenging, kan du melde deg på SMS-varslinga. Vi har delt opp varslinga i to område, og du kan dermed velge om du vil ha SMS ved sprenging i Breivika eller på Lerstad. Dei som bur rundt midten av tunnelen kan ha nytte av varsling for begge områda, men der er det truleg ikkje naudsynt å melde seg på med ein gong her.

 

Et kart som viser området der tunnelen skal komme, og de to sonene området er delt opp i.  - Klikk for stort bilete NCC

SMS-varsel blir sendt ut ca. 30 minutt før sprenging. På Lerstad og i Breivika blir det i tillegg varsla med sirene i forkant av sprenging utanfor tunnelen. 

Det er enkelt å melde seg av varslinga dersom du finn ut at du ikkje treng det lengre. Det gjer du på same side.  Det kan vere lurt å melde seg på varslinga når arbeidet nærmar seg ditt område, og du byrjar å kjenne vibrasjonar i huset ditt.

 Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeidet for Lerstadtunnelen her. 

Meldingsteneste på nett

Vi har i tillegg oppretta ei kartbasert meldingsteneste for E136 Breivika-Lerstad. Har du spørsmål eller noko du ynskjer å melde inn om støv, støy, framkomst, vibrasjonar eller andre utfordringar, kan du melde det inn til oss her!

Tenesta fungerer i korte trekk slik at du går inn på nettsida, hakar av kva tema det gjeld (støy, støv, vibrasjonar, ynskje om informasjon m.v.), skriv eit par setningar og klikker i kartet for å knyte førespurnaden til ein spesifikk plass. Det er viktig å angi så nøyaktig tid som muleg, slik at vi kan følgje opp hendingar. Dei som nyttar tjenesta vil også sjå på kartet kva meldingar som allereie er meldt inn, slik at dei slepp å melde inn saker som andre alt har rapportert om.

Gå til meldingstenesta for E136 Breivika-Lerstad.

Mistenker du skade forårsaket av sprenging? Ved skade eller mistanke om skade er det viktig å notere dato/klokkeslett, og så varsle Statens vegvesen om hendinga.  Du må også kontakte ditt forsikringsselskap, dersom det har oppstått skade på din eigedom.

Nabomøter

Statens vegvesen inviterer til regelmessige nabomøter for å sikre at alle har tilgang til god informasjon. Nokre av nabomøta er for alle som bur i området, medan andre gangar er møter for naboar i avgrensa området. 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med nabokontakt for prosjektet, Synnøve Flisnes, på nabo.lerstadtunnelen@vegvesen.no