Bypakke Ålesund
Fortauet skal gå frå nye Hessa skole til rett vest for krysset til Sukkertoppvegen.
På strekninga blir det ny belysning, oppgradering av to gangfelt og nye kantstopp for buss. Det blir også oppgradering og utskifting av vann- og avløpsleidningar i samarbeid med Ålesund kommune.
- I dag er det ingen fortau, dårleg belysning og to gangfelt utan universell utforming på strekninga. Dei eksisterande lysmastene med kablar i luftspenn blir fjerna, og erstatta av nye master og lysarmaturar. Kablane blir lagt i bakken, fortel Tobias Hay Slinning, byggeleiar i Ålesund kommune.
- Det er nok mange som ser fram til ein tryggare skuleveg langs Ytre Hessen. Saman med den nye skolen blir dette eit stort løft for området, fortel han.
Prosjektet er ute på anbod, og vi forventar oppstart i haust. Anleggsperioden er forventa å ta om lag eit år, og målet er å vere ferdig til skulestart i august 2025.
Prosjektet er eit trygg skuleveg-prosjekt i Bypakke Ålesund, og Ålesund kommune er byggherre for prosjektet.