Arbeid på Skateflua og Notenesgata

I samband med nytt kollektivknutepunkt går det føre seg vegarbeid på Skateflukaia og i Notenesgata i om lag ei veke.  

Asfalt i gate - Klikk for stort bileteDet blir vegarbeid på Skateflua i ei veke. Kannan Ponnampalam

Når kollektivknutepunktet opnar skal langdistansebussar køyre gjennom Korsegata, og snu ved Skateflukaia. Det blir også nokre oppstillingsplassar for buss i området.  - 

- Bussar skal ikkje lenger ha ventetid på plassen framfor Johnny kiosk. Bussane skal køyre rundt Stuen, og eventuelt ha kviletid på nye oppstillingsplassar i gata.

- Plassen er ikkje stengt for trafikk medan arbeidet held på, men vi må tilpasse aktiviteten etter regnveret.  

Dette fortel Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han seier også at plassen framfor Johnny kiosk skal opprustast. Området skal no klargjerast og ferdigstillast før det nye kollektivknutepunktet skal takast i bruk i løpet av desember. Arbeidet på Skateflua er venta ferdig i løpet av neste veke.  

- Vi er også i gang med å etablere trafikklyset i krysset ved Notenesgata og Korsegata. Gatene blir ikkje stengt medan vi gjer dette, seier han.  

- Arbeidet er ferdig i løpet av neste veke.  

Bygginga av kollektivknutepunktet blir ferdig om lag i midten av november, og bussane blir klare for å ta det i bruk i løpet av desember.