Arbeidet i Spjelkavika er forseinka
Vi har fått utfordringar med konstruksjon av ny bru over Spjelkavikelva. Les siste status frå arbeidet i Spjelkavika.
Bypakke Ålesund
Bruelementa er no krana vekk for vidare arbeid, og framdrift og aktivitet på anlegget elles må tilpassast til denne situasjonen.
Dette betyr at det ikkje vil vere mogleg å få på asfalt på nordleg køyrefelt før jul, og at det vil ta lenger tid før køyrefeltet kan opnast for trafikk.
Omfanget av forseinkinga er enno ikkje kjent, då entreprenørane kontinuerleg arbeider for å kome i mål snarast mogleg.
Sist endra 14.11.2024 07.44