Asfaltering i Skarbøvika 22. april

Det blir asfaltering i Skarbøvika tysdag 22. april. Mykje av arbeidet blir utført på natt.

Lastebil og svart asfalt i gate - Klikk for stort bileteDet blir asfaltering i Skarbøvika Kannan Ponnampalam

Det er laga nytt fortau med sykkelfelt i Skarbøvika, i tillegg til at vegen har blitt oppgradert. Tysdag 22. april skal området asfalterast. Det blir ny asfalt frå svingen ved Steinvågbrua og fram til Kiwi. Det blir manuell dirigering på staden. 

Mykje av arbeidet i sjølve vegbana skal foregå på natt for å minimere ulempene for trafikantane. Det gjenstår framleis noko arbeid i området. Raud maling på sykkelfelta kjem i slutten på mai.

Les meir om prosjektet her