Åtte entreprenørar vil bygge E136 Breivika-Lerstad

Åtte entreprenørar har meldt seg til anbodskonkurransen om å bygge den 2,6 kilometer lange Lerstadtunnelen i Ålesund.

Oversiktsbilde over ny innfartsveg på Lerstad i Ålesund - Klikk for stort bileteÅtte entreprenørar er interesserte i å bygge den 2,6 kilometer lange Lerstadtunnelen i Ålesund RedAnt / Statens vegvesen

Åtte entreprenørar har meldt si interesse 

Konkurransen ble lyst ut for fem uker siden. Da fristen for å levere forespørsel om å delta i konkurransen gikk ut tirsdag, hadde følgende meldt seg:

  • AF gruppen AS
  • Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge AS
  • Arbeidsfellesskapet Aurstad - Dragados JV
  • Arbeidsfellesskapet Implenia Norge AS og Allgrunn AS
  • NCC Norge AS
  • Obrascón Huarte Lain, S.A. (OHLA)
  • Arbeidsfellesskapet Risa AS og Leonard Nilsen og Sønner AS
  • Veidekke Entreprenør AS

Prosjektleder Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen er godt fornøgd med den store interessa i entreprenørmarkedet.

Med åtte tilbydarar i kvalifiseringsrunda ligg alt til rette for at vi får ein god konkurranse mellom entreprenørane, seier Birkeland.

Prekvalifisering og forhandlingar

Arbeidet er lyst ut som ei utføringsesentreprise. Prosessen blir difor gjennomført som anskaffing med prekvalifisering og forhandling.

Vegvesenet skal no gå gjennom dokumenta frå tilbydarane, for å sjå om dei oppfyller kvalifikasjonskrava.

Etter dette skal vi evaluere og rangere dei basert på dokumentasjonen dei har levert. Til slutt skal vi velje ut tre til fem entreprenørar som går vidare til neste fase, seier Birkeland.

Forhandlingar vil halde fram utover hausten, med eit mål om å signere kontrakt i desember. Byggestart vil bli etter nyttår, og prosjektet skal stå ferdig i 2027.

Det største prosjektet i Bypakke Ålesund

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. Den nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest, og gang- og sykkelveg på hele strekningen.

Når tunnelen står ferdig, vil det gi eit stort løft for bydelen. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og ny gang- og sykkelveg gjer det tryggare å bevege seg i området.

Sjå video av prosjektet Breivika-Lerstad her