Bussen flyttar - Korsatunnelen utvidar opningstidene

Måndag 23. desember legg FRAM om bussrutene i Ålesund, og køyrer ikkje lenger via Sankt Olavs plass. Rutebilstasjonen blir også stengt. Keiser Wilhelms gate og Korsegata er nye haldeplassar.

Personer foran tunnel - Klikk for stort bileteKorstunnelen er snarvegen gjennom sentrum, og utvidar no opningstidene. Else Britt Ervik

Ålesund får eit effektivt kollektivknutepunkt i sentrum, med av- og påstiging i gatene.  Kollektivknutepunktet blir tatt i bruk frå måndag 23. desember. Haldeplassane Rutebilstasjonen og Sankt Olavs plass blir stengt frå same dag.  Stig Helle Tautra er avdelingssjef i FRAM, og trur at prosjektet vil bidra til at fleire brukar buss.

- Kollektivknutepunktet er ei viktig satsing for FRAM. No blir det ein enklare kvardag for dei som skal ta buss, og det er  framtidsretta med tanke på venta auke i folketalet i Ålesund, seier han.  

Korsatunnelen er snarvegen gjennom sentrum, og denne utvidar opningstidene sine frå same dato.  

Dei nye opningstidene for Korsatunnelen er:

Måndag - fredag: 07.00- 22.00
Laurdag: 07.00 – 18.00
Søndag: stengt

Offisiell opning 9. januar

Offisiell opning blir torsdag 9. januar, og då er alle  velkomne til å ta del i feiringa.  Nærmare informasjon  kjem seinare.

Slik skal kollektivknutepunktet fungere

  • Bybussane går frå Keiser Wilhelms gate. Linje 1,2,10,11,12,18 skal nytte denne. Linje 2 (ekspressen Ålesund – Magerholm) køyrer inn Nelvikstredet når dei kjem til Ålesund sentrum.
  • Korsegata blir haldeplass for alle ekspressbussar, distriktsbussar, nattbussar, bussane til Ellingsøya og Giske kommune og flybussen.
  • Fortaua blir oppvarma på vinteren.
  • Eit kvartal av Keiser Wilhelms gate, frå Posthuskrysset i retning Pir, blir stengd for gjennomkøyring.  
  • Korsegata får tovegstrafikk i tillegg til av- og påstigning for buss.
  • Nelvikstredet er opent for einvegs biltrafikk som i dag.  
  • Posthuskrysset blir tilpassa slik at Keiser Wilhelms gate kan fortsette via Sørsida og over ny Brosundbro. Dette kjem i eit seinare prosjekt i Bypakke Ålesund med Statens vegvesen som utbyggar.
     
Slik skal bussane køyre i sentrum.