Ramböll
Fase 3 er den siste fasen i prosjektet, og vil gå føre seg frå midten av april til seinhausten 2024. Byggeperioden blir delt opp for å kunne halde delar av området open for trafikk.
-Vi vil jobbe for å halde mest mogleg opent for trafikk rundt Harald Torsviks plass, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Korsegata og Posthuskrysset opnar
Arbeidet med kollektivknutepunktet har vore delt inn i tre fasar for å unngå byggearbeid i alle områda samtidig. Korsegata var først ut, deretter Posthuskrysset. Dette arbeidet er i rute, og området blir opna for trafikk i midten av april.
Anleggsområdet flyttar som planlagt lenger innover Keiser Wilhelms gate, og til delar av Kipervikgata. Nelvikstredet blir stengt i maksimalt tre veker, og her vil entreprenør komme med nærmare informasjon i god tid.
- Vi har dialog med næringsdrivande om løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg i byggeperioden, seier Aune.
Frå midten av april må ein køyre til garasjeanlegget i Keiser Wilhelmsgate frå Posthuskrysset.
Ei gate for folkeliv
I følge planane blir eitt kvartal av Keiser Wilhelms gate kollektivgate. Korsegata blir open for biltrafikk, men med busslommer på kvar side. Området er godt tilrettelagt for mjuke trafikantar med breie, støypte fortau, brostein, nye tre og romslege venteskur.
Slik køyrer bussen i byggeperioden
Avgangar på linje 100/101 får starthaldeplass Ålesund rutebilstasjon i byggeperioden.
Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på prosjektet, og samarbeidar med entreprenør Aco Anlegg AS.
Meir informasjon:
Les meir om kollektivknutepunktet på prosjektsida.