E136 Breivika-Lerstad: Fire entreprenørar prekvalifisert

Statens vegvesen har valt ut fire entreprenørar som går vidare til neste fase i konkurransen om å bygge ny E136 frå Breivika til Lerstad i Ålesund.

Illustrasjon av fremtidige Breivika-Lerstad - Klikk for stort bileteDen nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest, og gang- og sykkelveg på heile strekninga. Illustrasjon: RedAnt / Statens vegvesen

 fristen for å levere forespørsel om å delta i konkurransen gjekk ut 20. juni, var det åtte entreprenørar som hadde meldt seg. No har Statens vegvesen gått gjennom dokumenta frå dei som har gitt tilbud, og prekvalifisert fire som blir med inn i forhandlingsfasen.   

  • Veidekke entreprenør 
  • Arbeidsfellesskapet Implenia Norge AS – Allgrunn AS
  • AF Gruppen AS
  • NCC Norge AS

Vi har valt å gå vidare med fire godt kvalifiserte entreprenørar som har kome med tilbud. Alle fire har gjennomført tilsvarande prosjekt som E136 Breivika-Lerstad tidlegare. Etter sommerferien gleder vi oss til å gå laus på forhandlingsfasen, for å få fram eit best mogleg prosjekt til best mogleg pris, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.  

Forhandlingar vil pågå utover hausten, med mål om å signere kontrakt i desember. Byggestart vil bli etter nyttår, og prosjektet skal stå ferdig i 2027.

Sjå video av prosjektet Breivika-Lerstad