Endra køyremønster i Posthuskrysset og Korsegata i sommar

Det planlagde arbeidet med trekking av kablar i Ålesund sentrum fortset. Mellom 19. juli – 16. august blir det omkøyringsveg for Posthuskrysset, og Korsegata blir open kun i nordgåande retning.

Bil som kjører i Korsegata - Klikk for stort bileteDet blir endra køyremønster i Korsegata og Posthuskrysset i sommar. Else Britt Ervik

Keiser Wilhelms gate vest for Posthuskrysset må gravast opp, fordi det skal leggast nye kablar i området. Dette er del av ei oppgradering av straumtilførsel i sentrum. Kablane skal mellom anna gi straum til den nye bydelen på Sørsida, og vidareførast i samband med bygging av ny bru over Brosundet.

- Arbeidet har vore planlagt, og det har ikkje vært mogleg å trekke kablane innan føringsvegane under bakken i Keiser Wilhems gate og Kipervikgata var etablert. Det er dei no, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han fortel vidare at arbeidet i Posthuskrysset og Keiser Wilhelms gate har vore utfordrande med gamal infrastruktur, altså gamle kablar og anna, spredt over heile vegen.  

- Det vi no gjer er å samle alt dette i OPI-kanaler. Det vil seie eit system som koblar saman røyr i ein kanal som støypast ned i vegen. På den måten vil det meste av infrastruktur ligge samla, sier Aune.  

- Vi legg også trekkerøyr, slik at ein kan gjere endringar i framtida utan å måtte grave opp heile området.

I perioden frå fredag 19. juli – fredag 16. august må trafikken gå via omkøyringsvegen i Posthuskrysset. Det er den same vegen som blei nytta medan det var arbeid der i vinter. Korsegata blir open for trafikk berre i nordgåande retning. Det er i retning Skateflukaia. Køyrefeltet i sørgåande retning blir stengt i perioden. Vegen vil bli skilta.