Blindheimsbreivika er eit av områda der vi skal bygge trafikksikringstiltak.
- Dette er enkle tiltak, men med stor effekt på tryggleiken og framkomsten til innbyggarane, spesielt for dei som går og syklar. For oss er dette startskotet på bygginga i Bypakke Ålesund. Dei neste åra skal vi bygge prosjekt i alle storleikar gjennom bypakken, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kva skal vi gjer?
Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Betring av lysforholda ved utskifting av lysarmaturar og lysmaster
Fv. 6210 Blindheimsbreivika
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund
Fv. 536 Gåseid, Kryss mellom Borgundvegen og Grønvika
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Forbetre belysning ved overgang og busslomme
- Vi startar på Gåseid no i juni, så blir det oppstart i Blindheimsbrevika og Olsvika i august, fortel prosjektleiaren.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for prosjekta.
Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Torbjørn Vatnehol, telefon 977 14 119.
Kontraktssigering med Møre og Romsdal fylkeskommune, ACO Anlegg AS og underleverandør Sykkylven Maskin. Framme frå venstre: Tarjei Rødset (Dagleg leiar ACO Anlegg AS), Torbjørn Vatnehol (prosjektleiar for Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal fylkeskommune) Bak frå venstre: Eduardo Martinez Gutierrez (byggeleiar fylkeskommunen), Thea Elise Vestre Aasen (prosjektleiar ACO Anlegg), Petter Lyshol (dagleg leiar for underentreprenør Sykkylven Maskin) og Erik Lade Gjersdal (Sykkylven Maskin).