Fekk meir pengar til sykkelfelt på Åse

Arbeidet med nytt sykkelfelt og oppgraderte busstopp langs Borgundvegen, mellom Hatlaåstunnelen og Moa/Vindgårdskiftet, har blitt dyrare og tek lengre tid enn planlagt. 

Bypakke Ålesund

Når alt er ferdig har Statens vegvesen bygd to km samanhengande sykkelfelt på begge sider av vegen. Men prosjektet har blitt meir komplisert enn venta, og arbeidet er venta bli ferdig først i løpet av hausten 2025.  

- Prosjektkostnadene har gått over det som var berekna då vi søkte om styringsramme i Bypakke Ålesund. Utgiftene har auka frå 24 mill. kroner til ca. 41,5 mill. kroner, og det er ei rekke faktorar som har bidrege til det, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen. 

Samansett årsak

- Prosjektet hadde undervurdert behovet for å skifte massane i eksisterande gang- og sykkelveg, og det var meir utstyr under bakken som trengte oppgradering enn vi hadde venta. Prosjektet har også strekt ut i tid på grunn av mykje samtidig arbeid på vassleidningane andre stadar i området, forklarar Birkeland.

- For å kunne avslutte sykkelfeltet på ein god og trygg måte ved Moa, er prosjektet også forlenga ca. 300 meter austover til Daaevegen, avsluttar han. 

Søker om tilskotsmidlar

Kostnadsauken vart lagt fram i styringsgruppemøtet til Bypakke Ålesund fredag 7. mars. Styringsgruppa støtta at arbeidet held fram, og er innstilt på å dekke ekstra kostnadar. Før endeleg avklaring ber styringsgruppa om ei ny sak som drøftar løysing for starten av sykkelfeltet ved busstoppet Åse Vest.

Det er søkt om statlege tilskotsmidlar til å dekke forlenginga av prosjektet. Dersom denne søknaden ikkje blir innvilga vil summen bli dekka gjennom Bypakke Ålesund sine midlar. Resten av kostnadsauken blir dekka gjennom såkalla omklassifiseringsmidlar frå prosjektet E136 Breivika-Lerstad.