Avdelingssjef FRAM, Stig Helle-Tautra, seier det no bli spennande å sjå kva som skjer frå og med søndag når folk skal betale vanleg billettpris igjen.
Vi håper mange har fått testa ut kollektivtilbodet i Ålesundsområdet i denne perioden og at mange vel å halde fram med å reise berekraftig med kollektivtransport.
Ei av dei som blir å sjå på bussen også framover er Karin Liid. Ho fortel at det sjølvsagt har vore fint med gratisbillett, men at ho har brukt bussen til byen også før gratisperioden.
Når eg ser på kva bussbilletten kostar og kva det vil koste og køyre bil til byen og betale parkering i dyre dommar, så er det lite vits i å ta bilen, så eg kjem til å halde fram med å ta bussen slik eg har gjort.
Fleire på buss – færre i bil
Det har vore gratis buss i Ålesund, Giske og Sula sidan 22. august i tillegg til at det har vore 40 prosent billegare å ta hurtigbåt. Den første prøvemånaden viser at det var ei auke i talet på reisande på om lag 60 prosent. Det betyr i snitt 5200 fleire passasjerar kvar dag.
Trafikktala er samanlikna med same periode i fjor og mellom anna korrigert for koronapandemi og sesongvariasjonar.
I tillegg til at det er fleire på bussen, har ein også sett ein nedgang i talet på bilar. Ved målepunktet ved Color Line stadion var nedgangen på ti prosent.
Lettvint utan billett
FRAM har laga ei marknadsundersøking der dei har spurt folk om dei trur dei vil reise meir, mindre eller like mykje med buss no når gratisperioden er over. Der svarer om lag halvparten at dei vil halde fram som før medan femten prosent seier dei vil reise meir med buss. 29 prosent seier dei vil reise mindre.
Om lag halvparten av dei spurde seier dei har reist meir med buss i gratisperioden og ei viktig årsak er ikkje berre at det har vore gratis, men også det lettvinte med at dei slepp å kjøpe billett. 55 prosent seier billettfri reise har gjort at dei reiser med buss.
Når det gjeld spørsmålet om kvifor folk har reist med buss i gratisperioden, er svara som går oftast igjen at:
- Har alltid reist med buss
- Det har vore billegaste reisemåte
- Slepp «styret» med å kjøpe billett
- Høge drivstoffprisar