Informasjonsmøte om vegprosjektet Blindheim – Flisnes 13. mars

Lurer du på korleis prosjektet og byggeperioden blir? Velkommen til informasjonsmøte på Blindheim klubbhus 13. mars kl. 17.00. 

kart over vegstrekning - Klikk for stort bileteIllustrasjon Blindheim Flisnes

Snart blir det ny rundkøyring og betre tilrettelegging for gåande og syklande på strekninga mellom Blindheim og Flisnes. Strekninga er sterkt trafikkert, men får no ei betydeleg oppgradering. Bertelsen og Garpestad er entreprenør på prosjektet, og begynner å rigge seg til i området i starten av mars.  

Entreprenøren begynner med skoging, så forbipasserande vil sjå noko anleggsarbeid i løpet av mars, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Prosjektet ferdig våren 2026

Byggeperioden vil vare i om lag 2,5 år frå mars 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar og nabolag.

Vi legg om trafikken i dei ulike fasane, og detaljane i dette kan ein høyre meir om på informasjonsmøtet.  

Eit løft for bydelen

Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund. Trafikkfarlege kryss blir fjerna, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Ved Blindheimshallen kjem det ny rundkøyring. Prosjektet er venta ferdig våren 2026.  

Informasjonsmøte

Tid: 13. mars kl. 17.00 – 18.00

Stad: Blindheim klubbhus

Møtet blir haldt av Møre og Romsdal fylkeskommune saman med entreprenør Bertelsen og Garpestad.  

Kontaktperson: 

Torbjørn Vatnehol, prosjektsjef, tlf. 977 14 119, e-post: torbjorn.vatnehol@mrfylke.no 

Bjørn Sunde, byggeleiar, tlf. 993  67199, e-post: bjorn.sunde@mrfylke.no 

Erlend Aune, prosjektleiar, tlf. 416 61 163, e-post: erlend.aune@mrfylke.no 

Les meir om vegprosjektet