Inviterer til informasjonsmøte om Blindheim – Flisnes
Vegprosjektet har oppstart i 2024, og skal auke trafikktryggleiken for alle trafikantar og betre miljøet gjennom sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande og for kollektivtrafikken. Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund.
Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre, og inviterer til informasjonsmøte om byggeperioden.
Tid: tysdag 13. juni kl. 17.00 – 18.00
Stad: Blindheim klubbhus
Tema:
- Presentasjon av planane
- Korleis byggeperioden vil foregå
- Omkjøringsvegar
Vel møtt!
Les meir og sjå planar for dette vegprosjektet.
Sist endra 09.06.2023 14.21