Oversiktsfoto med innteikna trasé for E136 Breivika-Lerstad
Foto: Statens vegvesen / Red Ant
Statens vegvesen gjer no klart for bygging av den nye innfartsvegen til Ålesund - ny E136 Breivika-Lerstad. Det skal totalt bygges 3,6 km ny firefeltsveg som del av Bypakke Ålesund, og 2,6 km av vegen skal gå gjennom doble tunnelar. Ved Lerstad i vest skal det byggast nytt toplanskryss, for å sikre god trafikkflyt opp mot den nye tunnelen.
Skal ut i april
Statens vegvesen inviterer til marknadsmøte for den komande entreprisen Lerstadtunnelen og Lerstadkrysset, som etter planen skal lysast ut mot slutten av april. Marknadsmøtet vil føregå digitalt på Teams, og det blir mogleg å stille spørsmål undervegs. Ved påmelding får du tilsendt teams-lenke til møtet.
Marknadsmøtet er i hovudsak retta mot entreprenørar og rådgjevarar som er interesserte i å sette seg inn i vegprosjektet, i forkant av sjølve tilbodsprosessen som startar i april.
Tidspunkt: Torsdag 9. februar 2023 kl. 12.00 - 13.00
Påmelding: Via Doffin og KGV
Individuelle samtalar
Etter møtet ynskjer Statens vegvesen å opne for individuelle samtalar med entreprenørar og rådgjevarar som ynskjer det. Ein-til-ein-samtalane vil bli gjennomførde så kjapt vi rekk etter 9. februar, og vi ber om at de tingar slike samtalar ved påmelding til marknadsmøtet.
Arbeidet som skal lysast ut er ein utførelsesentreprise, og prosessen vert gjennomført som anskaffelse med prekvalifisering og forhandling. Det vil også bli orientert kort om dei andre kontraktane som etter kvart vil komme i Bypakke Ålesund, slik som firefelt vidare mot Nørvasundet og gang- og sykkelvegutbygging mellom Moa og Lerstad.
Markering av oppstarten på E136 Breivika-Lerstad var i april i fjor, og det er no gjort ferdig førebuande arbeid på Lerstad. I Breivika pågår førebuande arbeid med forskjeringane til dei doble tunnelane, og dette arbeidet skal stå ferdig til sommeren. I tillegg skal det gjerast ferdig støyskjermar og murar ved Ålesund behandlingssenter Vestmo.
Video E136 Breivika-Lerstad
Statens vegvesen og Bypakke Ålesund skal bygge ny tunnel mellom Lerstad og Breivika, og nye gang- og sykkelveger for å tilrettelegge for myke trafikanter. Denne animasjonsfilmen viser korleis prosjektet vil sjå ut. Video: Red Ant.