Julefri på byggeprosjekta
Det nærmar seg jul, og alle prosjekta i Bypakke Ålesund skal ha pause i anleggsarbeidet. I denne saka finn du oversikt over når dei ulike prosjekta tek juleferie.
Lerstad- Breivika desember 2024
Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen
- Blindheim-Flisnes: Juleferie frå 21. desember til 2. januar.
- Tonningsgate/Skarbøvika: Juleferie frå 19. desember 2024 til 6. januar.
- Kollektivknutepunktet ved Ålesund sjukehus: Arbeidet med kollektivknutepunktet ved sjukehuset tek ferie frå lunsj fredag 20. desember og fram til 6. januar. Prosjektet jobbar med å forlenge sykkelfelta vestover og austover frå sjukehuskrysset. Arbeidet blir kombinert med vassleidningsarbeid på heile strekninga. Arbeida vil halde fram ut over vinteren, og det som står att av asfaltering no vil bli gjort etter påske.
- E136 Breivika-Lerstad:
- Ute på vegane (dagsone) jobbar dei til og med fredag 20. desember.
- I tunnelen på Lerstad-sida jobbar dei til fredag den 20. desember klokka 12.00.
- I tunnelen mot Breivika (inkludert lasting frå mellomlager) vil arbeidet pågå ut dagen laurdag 21. desember.
- Arbeidet på alle delar av anlegget startar opp att etter ferien den 6. januar.
- Totalt har NCC passert 1500 meter tunnel på dei fire stuffane når dei no tar ferie.
- Spjelkavika: Juleferie frå 20. desember til 6. januar.
- Lerstadbakken: Juleferie frå 23. desember til 6. januar.
- Ytre Hessen: Gravearbeidet startar i januar. Før dette gjer ein mindre arbeid som å ta ned skog og rigge området. Ingen vegar blir stengde.
Du finn meir informasjon om prosjekta våre på prosjektsidene
Sist endra 20.12.2024 11.18