Statens vegvesen har gjennomført anbodskonkurranse på førebuande arbeid i Breivika, og signerte mandag 3. oktober kontrakt med Busengdal AS.
Legge til rette for Lerstadtunnelen
Arbeidet som skal gjerast er førebuing til den store tunnelentreprisen, og er i hovudsak:
- Sprenging og utlasting av forskjeringa til Lerstadtunnelen
- Tørrmur langs forskjering
- Omlegging av lokalvegar
- Støyskjerming
Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen seier han er veldig fornøgd med konkurransen. Statens Vegvesen fekk inn fem tilbod og mange av aktørane var lokale.
Busengdal AS leverte det beste tilbodet, og etter at opsjonar er avklart, er kontraktssummen 33,3 millionar kroner eks mva.
Rolf Anders Håberg, dagleg leiar i Busengdal AS, fortel det har vore eit mål for dei å vere ein del av Bypakke Ålesund, og gler seg no til å ta fatt på arbeidet.
Busengdal AS planlegg å starte opp arbeidet i slutten av oktober og skal vere ferdige til sommaren 2023.
Del av Bypakke Ålesund
Ny E136 mellom Breivika og Lerstad er ein del av Bypakke Ålesund. Statens vegvesen jobbar med detaljprosjektering av hovudentreprisen på strekninga, og den skal etter planen utlysast i mars 2023.