Dronebilete over førebuingane til tunnellprosjektet Breivika-Lerstad.
Arild Solberg, Solberg360
Førebuingane til tunnelprosjektet Moa-Lerstad vil halde fram den komande tida. Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. Den nye tunellen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Lengda blir på om lag 3 km. Tunnenellarbeidet vil starte opp til hausten. Det vil også bli bygd sykkelveg med fortau på samme strekninga som ein del av prosjektet.
Gjennom året skal det byggast alt frå mindre tiltak som nye fortau og ombygging av kryss til større prosjekt som E136 Breivika-Lerstad. Ein fellesnemnar for alle prosjekta i Bypakke Ålesund er at dei skal gjer det tryggare, enklare og meir effektivt å bevege seg rundt – både for mjuke trafikantar og dei som køyrer.
Kollektivknutepunkt i sentrum
I 2023 vil byutvikling i sentrum stå i fokus. Området frå Korsegata til Keiser Wilhelmsgate skal oppgraderast. Det blir oppvarma fortau på vinteren, og ein får benkar og soner å opphalde seg på. Her kjem det eit nytt kollektivknutepunkt der ein får effektiv av- og påstigning i gata.
- Innbyggjartalet i Ålesund aukar kvart år og kollektivtilbodet må henge med i utviklinga. Mange av dei som vurderer å flytte til Ålesund er vande med eit godt kollektivtilbod der dei kjem frå - anten det no er Trondheim, Oslo eller Stockholm. Kollektivtilbodet i Ålesund skal vere raskt, hyppig og enkelt å forstå. Då vil endå fleire bruke det. Bypakke Ålesund samarbeider tett med FRAM for at det bypakken bygg og skal støtte opp under målsettinga om eit endå betre kollektivtilbod, seier leiar i Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø.
Det nye kollektivknutepunktet i sentrum er ein føresetnad for realisering av Sørsideplanen, og for området som ligg på austsida av Kulturhavna. Arbeidet med kollektivknutepunktet i sentrum er venta å starte til våren og skal etter planen vere ferdig hausten 2024.
Ny gate og ny bru i sentrum
Kommunestyret har no vedtatt ei ny trafikkløysing for sentrum med ei ny bru over Brosundet. Arbeidet vil starte opp i 2024.
Kollektivknutepunkt ved Åse sjukehus
Kollektivknutepunktet ved Ålesund sjukehus er ferdig regulert og er under planlegging av Statens vegvesen. Prosjektet er eit av fleire tiltak som skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset. Planlegginga har pågått i tett samarbeid med Helse og Møre og Romsdal, som vil bygge nytt parkeringshus med heis og nye gangvegar som sikrar raskt, trygg og brukarvennleg tilkomst direkte ned til Ålesund sjukehus.
Nye busshaldeplassar står klare
No er det klart for eit nytt buss-kapittel på Hessa etter den nye busshaldeplassen på Slinningsodden står ferdig. Med ny haldeplass på Slinningsodden er det gjort klart for ein mykje raskare busstur til sentrum. Moa har fått gateterminal i Borgundvegen mellom Moa syd og Moa nord for nokre av bussane. Dette er eit steg i utviklinga mot meir framtidsretta kollektivterminal. Bussar som skal via Moa til nokre av dei indre bydelane sparar tid når dei slepper å svinge innom sjølve terminalområdet. Det blir ei offisiell opning av haldeplassane 27. februar.
Blindheim-Flisnes
Fylkeskommunen er også i gang med planlegging av prosjektet Blindheim-Flisnes. Prosjektet skal auke trafikktryggleiken for alle trafikantar gjennom å endre kryss og tilrettelegge for gåande og syklande i tillegg til kollektivtrafikken. Støyskjermingstiltak langs fylkesvegen vil gi betre bu- og opphaldsmiljø i heile området. Samanhengande gang- og sykkelvegsystem skal knyte området saman. Det planleggast å legge ut prosjektet på anbod hausten 2023.
Gang-/sykkelveg
Ein samanhengande sykkelveg mellom Skarbøvika og sentrum ligg i framtidsplanane til Bypakke Ålesund. På delar av strekninga i Tonningsgate er prosjekteringa i full gang. Prosjektet skal betre tryggleiken til dei som går og syklar. Planlagd oppstart av prosjektet er hausten 2023.
Følg oss gjerne på Facebook for små og store oppdateringar om prosjekta våre.
Du kan også lese meir om prosjekta i Bypakke Ålesund her.