Fylkesordførar Anders Riise (H) stod for snorklippinga.
Else Britt Ervik
Ålesund har med dette fått ei framtidsretta løysing for kollektivtransport. Nye haldeplassar i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata erstattar Rutebilstasjonen. Samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, sa at det var stas å være med på opninga av dette viktige prosjektet.
- Det har vore mykje debatt rundt prosjektet, men det ligg sterk fagleg forankring bak kollektivknutepunktet. FRAM har no testa opplegget med full vinterdrift, og det har gått fint.
Omgjevnadane har fått ei opprusting med mellom anna gode, oppvarma fortau. Det er lettvint å komme seg på bussen som no har ei gunstig plassering der folk oppheld seg. At det har vore debatt rundt opninga nemnte også Øystein Tvedt (H) i sin tale. Han er leiar for styringsgruppa i Bypakke Ålesund. Han var glad for å kunne opne eit av dei største prosjekta i Bypakke Ålesund, og gler seg til fleire prosjekt står ferdig.
- Ålesund har mange kvalitetar som vi skal ta vare på, og det er bra med engasjementet som har vore. Alle ønsker ei god utvikling for byen, men har litt ulike meiningar om dette.
Unge bussbrukarar
Den gruppa som tek mest buss av innbyggarane, er ungdommar. Leiar og nestleiar i Ålesund ungdomsråd var også til stades og fekk seie si meining. Alfred Steinberg Ebbesvik og Tonje Halonen Giske poengterte at buss var svært viktig for dei.
- Vi er avhengig av bussen for skole, familie, vennar, jobb og trening, sa dei.
- Satsing på kollektiv er viktig for dei unge. Kanskje har Ålesund laga noko som kan inspirere andre byar.
Enklare kvardag
Snora til det nye kollektivknutepunktet blei til slutt klippa av fylkesordførar Anders Riise. Han var oppteken at det skal vere enkelt å komme seg til og frå dit ein skal.
- Det er mykje som skjer i ein by som Ålesund, og det skal være enkelt å komme seg inn til sentrum også frå områda rundt Ålesund.
Marit Røli Daniel frå Ålesund kulturskole avrunda arrangementet med innslag med hardingfele. Deretter blei det kake og kaffe til alle bussreisande og forbipasserande.