Erlend Aune er ny prosjektleiar for Bypakke Ålesund.
Else Britt Ervik
-Eg ser fram til å vere med å bidra på viktige samferdselsprosjekt, seier den nye prosjektleiaren.
Erlend Aune har jobba i Møre og Romsdal fylkeskommune i tre år, og var inntil nyleg byggeleiar på skredsikringstunnelen mellom Eidsdal og Geiranger. Før dette kom han frå rådgivarselskapet Norconsult. No ser han fram til å bidra til å betre vegane, bygge sykkelvegar og legge til rette for auka bruk av kollektiv transport. Ålesund er ein by i vekst, og 5 milliarder kroner i Bypakke Ålesund skal brukast til desse tiltaka.
-Eg trur at arbeidet som blir gjort gjennom bypakken er med å gjere Ålesund til ein meir attraktiv by å bo i for framtida, seier han.
Deltek i sekretariat
Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Representantar frå dei tre partane sit i eit sekretariat som førebur saker til den politisk utnemnde Styringsgruppa for Bypakke Ålesund. Erlend Aune blir no med i sekretariatet.
Prosjekt i fleire bydelar
Dei største prosjekta til fylkeskommunen er ny veg mellom Blindheim og Flisnes, i tillegg til kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum. Det kjem også tiltak for gåande og syklande i bydelane Skarbøvika og Volsdalen, for å nemne noko.
Torbjørn Vatnehol som inntil nyleg var prosjektleiar for Bypakke Ålesund, er glad for at Erlend Aune har takka ja til stillinga. Vatnehol har gått over i ei stilling som prosjektsjef i Vegprosjektseksjonen.
-Som prosjektsjef vil eg framleis ha ansvar for Bypakke Ålesund, men på eit meir overordna nivå, seier Vatnehol.
-Erlend har verdifull erfaring frå andre samferdselsprosjekt, og dette får vi god nytte av i arbeidet med bypakken.