Det har vore mykje byggeaktivitet ved Ålesund sjukehus dei siste månadene. No blir det endra køyremønster i byggeområdet.
Statens vegvesen
Det vil kun bli eitt midlertidig felt i lyskrysset i retning vest. Det skal byggast sykkelfelt og fortau på nordsida av Borgundvegen. For å gje plass til anleggsarbeida, vert trafikken på Borgundvegen flytta litt sørover.
Det endra køyremønsteret vil vare fram til det blir lagt ny asfalt til våren. Då vil det også bli lagt nytt sykkelfelt og fornya fortau på sørsida av E136.
Trafikk mot Moa køyrer på tidlegare gang- og sykkelveg (blå). Trafikk mot sentrum vil måtte bytte køyrefelt (grøn). Det blir rekkverk mellom arbeidsområdet og køyrebane (rødt).
Køyrefelt mot sentrum (grøn), køyrefelt mot Moa (blå), rekkverk (rød) og arbeidsområde (oransje).
Statens vegvesen
Stor arbeidsaktivitet dei siste månadene
Når alt står ferdig, skal alle busstoppa mellom Hatlaåstunnelen og Moa ha fått ein ny og høgare standard og vegen skal ha sykkelfelt på begge sider av vegen. Belysninga på strekninga vert også modernisert. Slik legg Bypakke Ålesund til rette for ein moderne og framtidsretta Borgundveg for alle trafikantgrupper.
Det har blitt lagt kantstein i busslommene både på nordsida og sørsida. På fortaua vert det no lagt ned røyr for vassboren varme og seinare asfaltert. Vegen opp til Lauramarka, Martin Døvingsveg og Haukarvegen blir asfaltert denne veka.
Les meir om prosjektet her: Nytt kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus