
Heile prosjektet skal utførast i fleire fasar, og det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane. Den første fasen er no i ferd med å avsluttast, og ein går vidare til fase to.
- Vi har jobba i området i om lag eit år, men no er det klart for arbeidet med forsterking og utbetring av sjølve fylkesvegen.
Dette fortel Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune som er byggherre for prosjektet. Ifølge han blir arbeidet delt opp for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet.
- No bygger vi ein ny kommunal veg ved Puskhola, seier han.
- Det blir omkøyring via denne medan det jobbast med fylkesvegen i fase to av arbeidet. Heile prosjektet er planlagt ferdig hausten 2026.
Bypakke Ålesund planlegg eit ope møte for innbyggarar om fase to i prosjektet i april. Dato og nærmare informasjon om dette kjem etterkvart.
I perioden kor fylkesvegen er stengt, blir det ulike tiltak fleire stader langs strekninga.
Slik blir trafikken i fase to:
Fylkesvegen: Fylkesvegen skal utbedrast, og blir stengt frå mai 2025 til om lag desember 2025. Framdrifta i arbeidet forutset at grunnforholda er som antatt.
Puskhola: Det har blitt laga ein ny kommunal veg her, og denne blir omkøyringsveg for fylkesvegen i perioden fylkesvegen er stengt. Den eksisterande kommunale vegen blir for lokal trafikk som den er i dag. Desse to vegane blir skilt med tung sikring og støyskjerm.
Ramsvika: I byggeperioden skal Ramsvika ha utkøyring i nærleiken av dagens kryss ved Puskhola. Det blir laga ei mellombels kryssløysing som fjernast når prosjektet står ferdig.
Avkøyringa ved Blindheimshallen: I byggeperioden blir det etablert ei mellombels kryssløysing rett ved Blindheimshallen. Når prosjektet står ferdig, blir det ny rundkøyring der dagens avkøyring til Blindheimshallen og gravlunden er.