Prosjektet vil styrke kollektivtilbodet i Ålesund

Det har vore ein lang og grundig prosess for å setje i gang bygginga av det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum. Om ein månad går prosjektet i gang med neste byggefase i Posthuskrysset og delar av Keiser Wilhelms gate. 

Første byggefase er straks ferdig i Korsegata. No sett vi snart i gang den andre byggefasen av det nye kollektivknutepunktet i sentrum i Posthuskryssset og delar av Keiser Wilhelms gate. Ålesund kommune

I løpet av dei siste 12 åra har det vore gjennomført utredningar og analysar, samtidig som ein har hatt eit stort fokus på medverknad undervegs. Målet har vore å finne fram til faglege og gode løysingar for byen, basert på dei politiske vedtaka som har blitt gjort.  

Lang prosess med planlegging  

Sørsideplanen blei vedteken i 2015, men prosessen rundt prosjektet starta allereie  i 2011 med ein arkitektkonkurranse. Det var ein omfattande prosess med medverknad både frå befolkning og offentlege aktørar, før endeleg vedtak i kommunestyret. Trafikk var sentralt i utviklinga av planen og ei grundig trafikkanalyse og konsekvensutredning låg blant anna til grunn for vedtaket.  

I 2016 og 2017 jobba Statens vegvesen vidare med planane og det anbefalte busskonseptet blei lagt fram. Dette blei gjort i tett samarbeid med FRAM og bussoperatørane.

Å lytte til brukarane har vore viktig for oss i planleggingsprosessen. Planen har blitt justert etter fleire gode innspel, blant anna frå bussoperatør og næringslivet i gata. Dei var og involvert i arbeidet med å lage ein fullskala prototype i Keiser Wilhelms gate i 2016.  

I 2019 blei Bypakke Ålesund lokalpolitisk vedteken både i bystyret og i fylkestinget. I juni 2021 blei Bypakke Ålesund endeleg vedteken i Stortinget, og forprosjektet for kollektivknutepunktet kunne starte. I samarbeid med andre bypakkeprosjekt i sentrum, Sørsida og ny bru over Brosundet, blei det laga ei ny og omfattande trafikkanalyse for heile sentrum som tok høgde for framtidig bil- og busstrafikk.  Analysen viser blant anna konsekvensen av rundt 15 ulike alternativ for trafikkutvikling i sentrum.  

I desember 2022 var prosjektet ferdig prosjektert og klar til utsending på anbod. Prosjektet fekk grønt lys i planutvalet i mai i år og anleggsarbeida starta opp i juni. 

Røysegata og Skateflukaia

Bussdrift er i kontinuerleg endring. Berre i år har det vore fleire endringar av rutetilbodet i Ålesund. Dette gjer at kollektivknutepunktet må vere fleksibel med tanke på framtidige endringar av rutetilbodet.

Vi har lenge hatt dialog med bussoperatør om kva som er den beste løysinga for bussdrifta rundt spesielt to forhold. Det gjeld krysset Rådstugata/Røysegata og tiltak på Skateflukaia.

Prosjektet har hatt fleire alternativ for løysingar i desse gatene. Det har vore diskusjonar om kva som er det beste alternativet, men etter god dialog med fagpersonar og bussoperatørane, har vi funne enda betre løysingar for begge desse utfordringane.  

  • Skateflukaia 

Det har vore viktig for bussoperatøren at dei har tilstrekkeleg plass til å snu bussen ved Skateflukaia. Dei må i tillegg ha plass til at tre bussar kan regulere tida før dei køyrer vidare inn i Korsegata. Dagens snuplass er dimensjonert for at bussen kan snu på Skateflua, men prosjektet har vurdert om ein kan lage ei betre og meir trafikksikker løysing for dei bussane som treng å regulere tida. Løysinga er at bussane som skal vente snur i Sorenskriver Bulls gate og brukar langsgåande oppstillingsplassar i området til regulering, i tillegg til allereie avsett areal på Skateflukaia. Det vil seie at ein ikkje treng å bruke plass i Skansegata, sør for Skateflukaia, til regulering av tida, slik som det har vore føreslått tidlegare. Turbussar kan då og snu i same kvartal og bruke vegarealet som venteområde. Dette gir også moglegheiter til å utvikle dagens plasskrevjande snuplass på Skateflukaia til eit meir attraktiv byrom, dersom kommunen ønsker dette på sikt.  

  • Rådstugata/Røysegata

 Nokre av bussane som køyrer ned Rådstugata skal vidare i retning Moa via Røysegata. For å gjere det enda enklare å prioritere framkome for bussane , har vi fleire alternativ for å utbetre krysset. Vi er no i sluttfasen på dette arbeidet. Per i dag er det lysregulering som prioriterer kollektivtrafikken eller einvegskøyring i nokon gater som er dei mest aktuelle alternativa. Ingen av desse krev store tilpassingar av området. 

Det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum skal stå ferdig hausten 2024. Dronninga Landskap

Vi kan sjå at satsinga på kollektiv i Ålesund allereie har gitt resultat. FRAM har opplevd ei auking i busspassasjerar på busslinje 1 og 2 i byen, og ser ein vekst på 25 % i mai 2023, samanlikna med mai 2022. Dette utgjer 33.651 fleire busspassasjerar på desse to busslinjene.  

Bypakke Ålesund ser fram til fortsette å styrke kollektivtilbodet i Ålesund og gjer det enda enklare og meir effektivt å kome seg til og frå med bussen i byen vår. Etter ein grundig planleggingsprosess, er vi trygg på at vi har funne gode løysingar for prosjektet, og at det nye kollektivknutepunktet vil styrke kollektivtrafikken i Ålesund, og gjere byen enda meir attraktiv.  

 

Prosjektleiarar i Bypakke Ålesund  


Torbjørn Vatnehol,  
Møre og Romsdal fylkeskommune

Jøran Mentzoni Eilertsen,  
Ålesund kommune

Ole Kristian Birkeland,  
Statens vegvesen 
 

Les meir om andre byggefase i prosjektet