Sommarferie på byggeplassaneDei fleste prosjekta i Bypakke Ålesund skal ha pause i anleggsarbeidet i løpet av sommaren. Her kjem ei oversikt. Kristin Støylen Tonningsgate: Sommarferie i veke 28, 29 og 30 – frå 8. juli til 28. juli. Lysreguleringa tatt vekk, og trafikken går som normalt. Ver merksam på at området framleis er eit anleggsområde, og køyr varsamt. Kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum: Arbeid gjennom heile sommaren. Lerstadbakken: Prosjektet starta opp denne veka, og skal ha arbeid gjennom heile sommaren. Kollektivknutepunktet ved Ålesund sjukehus: Sommarferie i veke 29, 30 og 31 – frå 15. juli til 4. august. Breivika-Lerstad: Sommarferie i veke 28, 29 og 30 – frå 8. juli til 28. juli. Blindheim-Flisnes: Det blir noko arbeid i Puskhola gjennom sommaren. Resten av anleggsområdet tek sommarferie i veke 28, 29 og 30 – frå 8. juli til 28. juli.God sommar frå alle oss som jobbar i Bypakke Ålesund. Sist endra 14.01.2025 15.55