Status på arbeidet ved sjukehuset

Det er mykje aktivitet i Bypakke Ålesund om dagen. På Åse jobbast det no på spreng for å ferdigstille det nye kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus. Dette er status på prosjektet.

Bilete av vegen der det nye kollektivknutepunktet skal stå. Anleggarbeid.  - Klikk for stort bileteOm ikkje så lenge står det nye kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus klart til bruk for dei som nyttar kollektiv i Ålesund. Statens vegvesen

Det er mykje bygging og graving i Ålesund om dagen, og vi er godt i gang med fleire prosjekt i Bypakke Ålesund. Eit av prosjekta som de sikkert har sett, er prosjektet vårt E136 kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus. Her går arbeidet etter planen og mykje har skjedd dei siste månadene. Vi har vore gjennom ei periode med mykje sprengingsarbeid. Det blir likevel noko sprenging før vi er heilt i mål. Det er Vasto Anlegg AS som er entreprenør i prosjektet. 

Vi er særs takksame for tolmodige bebuarar og trafikkantar i bydelen Åse. Det gjenstår likevel noko sprenging i aust og noko pigging med gravemaskin. Den verste støyen er nok over, seier byggeleiar Kåre Rolandsen. 

Trafikkendring i byggeperioda 

Vegen til byggefeltet på nordsida er lagt om, og trafikk til og frå Martin Døvingsveg, Lauramarka og Haukarvegen går no via lyskrysset. Her har ein ordinær vikeplikt, og må finne luker i trafikken for å køyre inn og ut. Dette vil halde fram inntil dei nye trafikksignala kjem i drift utpå hausten. I mellomtida kan det vere lurt å svinge til høgre ut på E136 og snu i rundkøyringa ved Hatlaåstunnelen om ein skal austover. Gangfelta til det same området er ikkje lagt om enda, men etter kvart blir også det lagt inn til det signalregulerte sjukehuskrysset. Martin Døvingsveg blir asfaltert før vinteren kjem. 

Den neste endringa for trafikantane vil vere at vi legg Borgundvegen litt sørover, slik at ein får arbeide trygt på nordsida. Her blir det to felt opne heile tida, og trafikkavviklinga skal fortsatt vere god forbi anleggsområdet. Utpå vinteren vil det bli arbeid vest for sjukehuskrysset. Då vil det bli periodar med litt mindre framkome i rushtida, enten ved at det blir trafikkdirigering eller lysregulering. 

Vatn- og avløpsarbeid

Prosjektet inneber omlegging og fornying av gamle kommunale og private vass- og avløpsleidningar.

Vassleidninga på sørsida av Borgundvegen har vore plaga med tilfeldige brot i fleire år, og vassleidninga blir no fornya og sikrar høgare leveringssikkerheit på vassforsyninga, seier byggeleiar for prosjektet, Kåre Rolandsen. 

Vatn- og avløpsarbeid blir gjort på oppdrag frå Ålesund kommune. Her blir det gjort ei noko meir omfattande utskifting enn opprinneleg forutsett. I tillegg til ny vassleidning vert det også ein del nytt på avløps- og overvatn. Aust for sjukehuset er det i dag felles overvatn og avløp, som ein no får delt. Dette er viktig for kapasiteten i renseanlegget på Åse. Dette arbeidet gjer at prosjektet ikkje ser for seg å opne det nye fortauet på nordsida av E136 før til neste år. Her vil vinteren vere bestemmande for når det kan kome asfalt, og mest sannsynleg må det skje etter påska 2024. 

Byggeleiar for prosjektet seier også at busslommene blir ferdig i år, og kan takast i bruk, men at bussen vil gå nedom sjukehuset. Det vil den gjere til det er bygd veg for dei gåande ned til poliklinikken på sjukehuset. 

Bilete av anleggarbeid i retning Åse til Moa.  - Klikk for stort bileteDet blir også ei omlegging og fornying av gamle kommunale og private vass- og avløpsleidningar i prosjektet. Statens vegvesen

Når prosjektet står ferdig vil det bli ei ny og trygg avkøyring til byggefelta på nordsida av Borgundvegen. Busslommene vil ligge langs vegen for å gjere bussane konkurransedyktige på reisetid. Det blir også sykkelfelt frå Åse til Moa-området, for å gje tryggare gangareal og eit raskt og effektivt sykkeltilbod til alle som velger sykkelen som framkome. Sykkelfelta vil gå bak busslommene, og for å få dette, vil fleire busslommer mellom Åse og Moa bli bygd til kantstopp. 

Busslommene og asfaltering av Martin Døvingsveg skal vere ferdig til 20. desember 2023.