I dag startar arbeidet på det kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus.
Ålesund kommune
Frå i kveld og fram til veke 41 (9-15. oktober) blir gang- og sykkelvegen nord for Åsebøen/Sjukehus-blokkene stengt. Dette skjer i samband med bygging av det nye kollektivpunktet på Moa. Det skal først gravast i området. Deretter skal gang- og sykkelvegen bli midlertidig køyreveg når fortau på nordsida av Borgundvegen blir bygd. Den alternative gangtraseen blir merka og skilta. Stengt gang- og sykkelveg på oppsida av Åsebøen merka med raudt i kartet. Alternativ gang- og sykkeltrase merka med grøn.
Stengt gang- og sykkelveg på oppsida av Åsebøen merka med raudt i kartet. Alternativ gang- og sykkeltrase merka med grøn.
Statens vegvesen
Nytt kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus
Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset.
Lyskrysset vil bli bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida vil bli flytta. Samstundes skal det byggast sykkelfelt og fortau på oppsida av Borgundvegen innover mot Moa.
Dette skal gjerast i krysset
- Nye busslommer på kvar side av vegen, med leskur som liknar dei nye på Moa.
- Kun ei lysregulering i krysset.
- Fotgjengarovergang kun eit stad, ved dagens hovedkryss/vegen ned til sjukehuset.
- Atkomst til sjukehusområdet via parkeringshus på sørsida av vegen, med heis og trappeløp.
- Fortau også på nordsida av vegen, frå busstoppet og mot Moa.
- Sykkelfelt, gjennom krysset, sykkelfeltet går bak busslommane.
Det er Vasto Anlegg AS som er entreprenør. Første del av prosjektet skal vere ferdig 20. desember 2023. Då vil tilkomsten til sjukehuset gjenstå, og dette vil bli utført samtidig med flytting av inngangen til sjukehuset.
Følg gjerne Bypakke Ålesund på Facebook for fleire oppdateringar