Stor aktivitet i dagsonene på E136 Breivika-Lerstad

Langs Lerstadvegen byrjar folk å merke at ting er på gang. På Lerstad reiser ein ny bru seg, og under bakken er det mykje som skal flyttast og skiftast ut.

Klart for omlegging av trafikken i Lerstadvegen. - Klikk for stort bileteI lerstadvegen er det nå asfaltert og klargjort for å legge om trafikken, for at entreprenøren skal komme til med gravearbeid på motsett side av vegen. Christian H. T. Ibsen

I Lerstadvegen skal eit overgangsfelt flyttast austover, og kommande veke blir trafikken lagt ut til sida for å starte graving av ein ny kum som skal ned i bakken. Arbeidet kjem tett på vegen, og folk må følgje skiltinga og køyre forsiktig.

Biletet viser ny asfalt bak sperregjerde. - Klikk for stort bilete Sunniva Ullavik Erstad

 

På Lerstad er ein ny brukonstruksjon i ferd med å reise seg. Brupilarar er støypte, og eit digert reisverk har kome opp. Her blir hovudstøypen utført 16. oktober. Bruoverbyggingen er 60 meter lang, 10,7 meter brei og 1,3 meter høg, med eit volum på 685m3. Arbeidet med støypen vil ta rundt 20 timer. Det vil vere mykje personell i arbeid med støypen og betongbilar i skytteltrafikk til anleggsplassen.

 

Vi ser reisverket til ein stor bru som skal støypast på Lerstad - Klikk for stort bileteForskalinga til ein 60 meter lang bru byrjar no å bli ferdig på Lerstad, og det nærmar seg tid for ein av dei større støypane på prosjeketet. Christian H. T. Ibsen

-Vi jobber også mykje med omlegging av vatn, straum og anna infrastruktur, for å førebu dei store endringane som skal skje på E136. Det pågår også eit stort arbeid med å bygge natursteinsmurar, som ein per no ikkje ser så godt frå vegen der folk køyrer, seier byggeleiar Agnethe Helen Grønvik i Statens vegvesen.

Det blir lagt opp mykje fin natursteinsmur på prosjeketet, her langs Høgnakkevegen. - Klikk for stort bileteDet blir lagt opp mykje fin natursteinsmur på prosjeketet, her langs Høgnakkevegen. Christian H. T. Ibsen

 

Langs Lerstadvatnet skal ein skogsveg grusast opp og klargjerast for brøyting i vinter. Då får skuleungane i dette området ein tryggare veg, med færre kryssingar av trafikkert veg.

Denne gangstien langs Lerstadvatnet skal utbetrast noko, slik at ein kjem fram med brøyteutstyr til vinteren. - Klikk for stort bileteDenne gangstien langs Lerstadvatnet skal utbetrast noko, slik at ein kjem fram med brøyteutstyr til vinteren. Agnethe Helen Grønvik