Informasjonsmøte om vegprosjektet Blindheim Flisnes 13. mars 2024.
Else Britt Ervik
- Ei sterkt trafikkert strekning skal no få ei betydeleg oppgradering, sa prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.
- Det kjem ny rundkøyring og betre tilrettelegging for gåande, syklande og for kollektivtrafikk.
Rundt 170 møtte opp til informasjonsmøte på Blindheim klubbhus, der prosjektet blei presentert. I tillegg til å sjå ferdige planar fekk publikum ein gjennomgang av korleis byggeperioden vil foregå, omkøyringsvegar og ulike byggefasar.
Ein vil ta omsyn til naboar og trafikantar
Entreprenøren Bertelsen og Garpestad fortalde korleis dei såg føre seg å jobbe, og korleis dei vil ta omsyn til naboar og trafikantar i byggeperioden. Det blei og anledning til å stille spørsmål, og det blei opplyst kor ein kunne halde seg oppdatert på informasjon.
- Vi kjem til å informere undervegs i bypakken sine kanalar, i tillegg til å ha dialog med dei nærmaste naboane, sa Vatnehol.
Ferdig våren 2026
Anleggsarbeidet startar like etter påske og prosjektet skal stå ferdig våren 2026. Arbeidet skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane.
Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på prosjektet, som er ein del av Bypakke Ålesund. Bertelsen og Garpestad er entreprenøren som skal utføre arbeidet på staden.
Sjå nærmare informasjon på prosjektsida til Blindheim – Flisnes.
Presentasjonar frå møtet:
Møre og Romsdal fylkeskommune (pdf) (PDF, 6 MB)
Bertelsen og Garpestad (pdf) (PDF, 4 MB)
Kontaktpersonar:
Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 416 61 163
Bjørn Sunde, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 993 67 199
Byggeleiar Bjørn Sunde presenterer prosjektet mellom Blindheim og Flisnes
Else Britt Ervik
Bertelsen og Garpestad er entreprenør på vegprosjektet.
Else Britt Ervik