Store endringar i Ålesund sentrum

I 2015 vedtok kommunen Sørsideplanen, og no står vi midt i den – med bygging og omkøyring i heile bysentrum. Sjå filmen vi har laga saman med Sørsida og Ålesund kommune.

Til hausten står det nye kollektivknutepunktet ferdig, og etter kvart skal vi starte på eit prosjekt som går frå Posthuskrysset til Waterfront. Men kvifor er akkurat desse prosjekta så viktige for Ålesund sentrum?

Vi har laga ein film saman med Sørsida Utvikling og Ålesund kommune for å forklare korleis sørsida av byen vår skal sjå ut om nokre år. 

Denne filmen er eit forsøk på å løfte blikket, og vise korleis dei ulike prosjekta heng saman. Korleis jobbar vi etter same plan, og med eit felles mål?

Filmen er laga av Memoria.