Sykkeltiltak i Klokkersundet

Arbeidet i Klokkersundet er ferdig, og krysset som ligg like ved Kiwi Klokkersundet har blitt tryggare for mjuke trafikantar.

Bilder av krysset i Klokkersundet. - Klikk for stort bilete Bypakke Ålesund

Tidlegare var dette eit kryssingspunkt som var dårleg egna for gåande og syklande med høg kantstein, dårleg asfalt og avgrensa belysning.

No har Bypakke Ålesund oppgradert krysset med betre belysning, universell utforming med ledelinjer og ny asfalt for å gjer det tryggare å passere. 

Prosjektet er ein del av strakstiltaka for sykkel i Bypakke Ålesund. Dette er mindre tiltak, der målet er å gjer det enklare og tryggare å sykle.

Ålesund kommune er byggherre for prosjektet. 

Bilder av krysset i Klokkersundet. - Klikk for stort bilete Bypakke Ålesund