Vegen blir utvida med om lag seks meter for å gi plass til busslomme og gang- og sykkelveg.
Bypakke Ålesund
Området ved krysset mellom Spjelkavikvegen og Vasstrandvegen har stått halvferdig sidan 2022, med ein busshaldeplass i krysset.
No skal Bypakke Ålesund og Ålesund kommune etablere ny busslomme og ny vassleidning langs Spjelkavikvegen mellom kanalen og elva. Vi skal også bygge meir gang- og sykkelveg.
Når alt er ferdig vil det verte tryggare for alle – både dei som tek buss, dei mjuke trafikantane som passerer området og dei som køyrer.
Arbeidet er i gong
Det midlertidige busstoppet skal fjernast.
Bypakke Ålesund
- Prosjektet har vore forsinka fordi prosessen fram til igangsetjingsløyve har vore meir omfattande enn vi fekk forespeila då arbeidet med utskifting av vatn og avløp i Spjelkavikvegen starta for fleire år sidan. Men no er endeleg alt på plass og klart til oppstart, fortel Helene Vorren, rådgjevar for miljø og samferdsel i Ålesund kommune.
Ålesund kommune og entreprenørane Søvik & Skåravik AS og Svinø Entreprenør AS var i området denne veka for å planlegge dei siste detaljane før byggestart.
Arbeidet er allereie i gong, og er forventa å vere ferdig i løpet av hausten.
Stenger køyrefelt
Frå tysdag 20. august og framover blir det midlertidige endringar i trafikken. Køyrefeltet i retning Moa vert stengt av, og det blir lysregulering frå begge sider. Denne endringa vil gjelde ei stund utover hausten, så lenge det er grunnarbeid langs Spjelkavikvegen.
Det er Ålesund kommune som er byggherre for prosjektet.
Plantegninga viser kvar det nye busstoppet kjem.
Bypakke Ålesund