Fleire stader rundt Skarbøvik ungdomsskole skal gjerast meir trafikksikkert.
Kannan Ponnampalam
- Vi skal mellom anna sørge for betre belysning ved fotgjengarovergang, leskur ved busshaldeplass og forlenging av fortau, opplyser Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det blir arbeid tre stader i Kaptein Linges veg, i tillegg til noko mindre graving i Hessaskaret ved rundkøyringa. Arbeidet er venta ferdig i løpet av to veker. Entreprenør skal sørge for merking og trafikkdirigering når det er behov.
Her er tiltaka:
Her er tiltaka i Kaptein Linges veg.Bypakke Ålesund skal gjennomføre mange mindre tiltak for trafikksikring på ulike stader i Ålesund. Les meir om trygg skoleveg-prosjekta her.