Byens første sykkelveg med fortau
Vestmoa vart stengt i forbindelse med anleggsarbeid knytt til bypakke-prosjektet Breivika-Lerstad. No har vegen fått ei solid oppgradering. Statens vegvesen har bygd byens første sykkelveg med fortau, og undervegs har det blitt lagt ned nye vassleidningar, fjernvarme og pumpeleidningar.
- Dette er starten på ein sykkelveg med fortau som skal byggast heilt til Lerstadkrysset. Strekninga er på om lag fire kilometer, og på store delar av strekninga vil sykkelvegen med fortau gå i eit parkdrag eit stykke frå Lerstadvegen, fortel Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
- Sykkelveg med fortau eit godt alternativ til sykkelfelt i områder med få avkøyrslar og plass til å etablere det, fortel han.
Det å sykle blir stadig meir populært, og ved å la syklistane få sitt eige areal aukar framkome og attraktiviteten for dei som syklar. Det bidreg også til å auke sikkerheita for dei andre mjuke trafikantane.
Bussane sparer mykje tid
Snarvegen for buss mellom Moa og Breivika har også opna igjen. Snarvegen var eit strakstiltak i Bypakke Ålesund, og vart bygd av Ålesund kommune i 2019. Bussane som brukar snarvegen slepp å køyre gjennom tre rundkøyringar, og unngår eit område som har mykje trafikk.
- Bussane sparar 2-3 minutt per tur på å bruke snarvegen, så vi er veldig glade for at vi kan ta den i bruk igjen no, fortel Inge Rønstad, rådgivar i Fram.
Fram har meldt at dei tok i bruk vegen måndag 24.juni. Då vart linje 2, 12, 21 og 250 flyttet tilbake til normal trasé. For linje 2, 12 og 21 betyr det flytting tilbake til gatestoppa på Moa. Linje 250 skal også køyre Vestmoa og snarvegen, men der er haldeplassen framleis inne på terminalområdet.